You are here

Alkoholindustrien utnyttar manglande regelverk

I Afrika og Asia vert alkohol marknadsført som symbol på luksusliv og status.


 

 

Alkoholindustrien er ein multimilliardindustri. Mange av alkoholprodusentane er del av ei handfull internasjonale selskap som har sine største marknader i fattige land i Afrika og Asia. Der vert alkohol marknadsført som symbol på luksusliv og status. I Noreg har vi strenge reglar for å unngå at denne industrien påverkar folk til å drikke meir gjennom reklame og annan påverknad. I andre delar av verda finst ikkje slike regelverk, og desse selskapa utnyttar dette.

Somme stader inngår alkoholprodusentane avtalar med myndigheitene, slik at produsentane t.d. får tilgang til vatn for å lage alkoholprodukt, samstundes som befolkninga lid av vassmangel.

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning