You are here

Ditt personlege val

Å drikke alkohol eller bruke andre rusmiddel er eit val du sjølv må ta. Men valet du tar, vil mest sannsynleg påverke fleire enn deg sjølv.


Det er mange grunnar til å utsette drikkinga, sjølv om ein ikkje har tenkt å vere fråhalds heile livet. Det kan vere greitt å hugse på at ein må vere 18 år for å kjøpe alkohol i Noreg og at den grensa ikkje er tilfeldig sett. Under ulike omstende reagerer ein ulikt på alkohol. Nokre gonger føler ein seg tryggare på grunn av meir slappheit, og ein har det kjekt. Andre gonger blir ein meir deprimert av å drikke, eller ein kan bli aggressiv.

  • Tekstversjon av filmen

    Konsum av alkohol er, som mange andre livsstilval, eit personleg val. Og vi har lov til å bestemme over eige liv og eiga helse. Men er det berre oss valet påverkar?

    Faren ved bruk av alkohol er ikkje berre noko vi utset oss sjølve for. Det er viktig å hugse på at alvorlege alkoholskadar også rammar tredjepart, altså personar som ikkje drikk sjølv, men som vert utsette for skadar som følge av drikkinga til andre.

    Millionar av menneske i verda vert påverka av andre sin alkoholbruk: Trafikkulukker som følge av fyllekøyring, vald i fylla, familiemedlemmar som lid under alkoholmisbruket til sine næraste - særleg barn, arbeidsgivarar og kollegaer som må dekke tap og redusert arbeidskapasitet på grunn av fråvære grunna fyll, kostnader i helsevesenet og andre økonomiske konsekvensar. Skadar som er skulda andre menneske si alkoholdrikking, vert kalla «passiv drikking».

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning