You are here

Å drikke eller ikkje drikke?

Å ikkje drikke, eller å vente med å drikke, alkohol, er eit viktig val. Trass i fleirtalsmisforståingar og gruppepress, er dette eit val du tar åleine. Valet er eit spørsmål om helsa di, men er òg eit verdival for deg sjølv og samfunnet rundt.


  • Tekstversjon av filmen

    I den første delen av dette opplegget har du lært om korleis alkohol kan påverke deg, dei du har rundt deg og samfunnet som heilskap. Nå ønsker vi å gje deg kunnskap du treng for å ta gode val i møte med alkohol eller andre rusmiddel. Ingen andre enn du kan ta dette valet.

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning