You are here

Effektar av alkoholbruk

Kor gammal ein er når ein begynner å drikke alkohol, påverkar både skaderisiko og kor mykje ein drikk seinare i livet.


Risikoen for at det oppstår skadar ved alkohol er større di yngre ein er. Dette handlar om fleire ting.

Skaderisiko:
Når ein drikk alkohol, utset ein seg sjølv for auka risiko for akutte skadar (som fall, ulykker, vald, overgrep). Risikoen er større fordi ein er mindre i stand til å handtere konsekvensane av å vere full (vurdere og meistre risiko) di yngre ein er.

Skadar på hjernen:
Hjernen er i utvikling fram til tidleg i 20-åra, og alkoholen sin effekt på utviklinga av hjernen er difor langt større for ungdom enn for vaksne.

Skadar på kroppen:
Alkohol inneheld mykje sukker og andre kaloriar. Difor er det ikkje sunt for kroppen å drikke mykje.

Langtidseffektar:
Dei som begynner å drikke tidleg, endar ofte opp med å drikke mykje meir som vaksen enn dei som begynner seinare.

  • Tekstversjon av filmen

    Ei gjennomsnittleg hushaldning bruker 7656 kroner på alkohol i året. Dersom 100 hushaldningar gav bort alkoholpengane sine i eitt år, kunne du og 102 av dine medelevar fått den nyaste og beste telefonen, eller ein kunne hatt råd til å dekke behovet for vatn til åtte lokalsamfunn, eller sikre nesten 2000 flomutsette hus i utviklingsland.

    Alkoholbruk kostar samfunnet mange milliardar kvart år. Bak dette talet ligg kortare og lengre sykehusopphald som følge av skadar som folk påfører seg sjølv og andre i fylla, ulykker ved fyllekøyring, korttidsfråvær på jobb, hærverk og mykje meir.

    Alkoholavgifta gir staten ei inntekt som mange seier veg opp for dette. Men fakta er at alkoholbruk kostar samfunnet dobbelt så mykje som staten krev inn i alkoholavgifter.

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning