You are here

Korleis stå for dine val?

Førebuing er nøkkelen til suksess!


Å seie nei til det du ikkje vil, er å ta ansvar, både for deg sjølv og andre. Å velje rett handlar ikkje berre om å ha gode tankar. Det handlar òg om å vere førebudd. Dei viktige vala er det rett og slett lurt å øve på.

Dette kan du anten gjere åleine eller saman med ein venn. Finn ut kva du har lyst til å svare dersom nokon spør deg om å gjere noko du ikkje vil, og prøv det ut litt. Når du står midt oppi situasjonen, har du ikkje tid til å tenke deg om, og da er det lurt å vere førebudd.

Dette er noko du kan bruke for å førebu deg på alle slags vanskelege situasjonar. Det er ein del av opplæringa til mange yrke, kor ein kjem opp i vanskelege situasjonar. Det er viktig å vere stolt av valet ditt. Da er det vanskeleg å overtyde deg om noko anna.

Dersom du vil øve deg på å seie nei til å drikke alkohol, er det lurt å tenke på kva for grunngjeving du vil gi. Her er nokre døme:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilder fra Go animate

Det finst tusenvis av andre grunnar til å ikkje drikke. Det er berre å finne dine, og så øve deg på å seie det høgt og stå for det!

Å velje noko basert på kva som er viktig for deg og kva du ønsker, og som er eit val du kan stå for, vert kalla eit aktivt verdival. Det er noko du kan vere stolt av, og det er viktig å øve seg på å gjere slike val. Gratulerer!

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning