You are here

Kva er sanninga om cannabisbruk?

Det er ikkje så mange som bruker cannabis som ein skulle tru. Til dømes har berre 1,7 % av befolkninga brukt stoffet i løpet av dei siste fire vekene. Dessutan: Veldig mange av dei som prøver cannabis, gjer det berre éin gong.


  • Tekstversjon av filmen

    Hjernen vår er ikkje ferdig utvikla før 25-årsalderen. Yngre menneske er derfor mer utsette for negative konsekvensar av cannabisrøyking. Merksemda, læringsevna og hugset er utsette. Det kan gjere det vanskelegare å uttrykke seg og forstå ord, trekke logiske slutningar og skjønne samanhengar. Om dette er permanente skader, eller noko som går over om ein sluttar med cannabis, veit vi ikkje sikkert. Det kan òg være vanskelegare å bedømme avstandar og orientere seg i rom. Å eksempelvis køyre bil med cannabis i blodet, gir dobbelt så stor risiko for trafikkulykker.

    Cannabisekstrakt vert i dag brukt i enkelte godkjente legemiddel i Noreg. Men medisin utvikla gjennom grundig testing, er noko heilt anna enn effekten av å røyke cannabis, som medfører mange negative biverknader.

    Bruk av cannabis er knytt til psykiske skadeverknader som psykosar, panikkangst og schizofreni. Cannabisrøyk inneheld òg en rekke kreftframkallande stoff. Førestellinga om at cannabis er eit mildt narkotisk stoff som berre gjer brukaren mild og glad, gjer at mange undervurderer farane ved bruk.

    I mange valds- og drapssaker i Noreg er gjerningsmannen påverka av cannabis. Ein kan bli avhengig av cannabis. Risikoen for avhengigheit er 1 av 10 blant vaksne, og heile 1 av 6 blant unge menneske.

  • Tekstversjon av filmen

    Cannabisbruk påverkar ikkje berre dei som bruker det. familie, barn, venner, arbeidsgjevarar og kollegaer vert påverka av andre sitt rusbruk. det legg òg beslag på store ressursar innan helsevesen og offentlege tjenestar. di fleire som bruker, di større blir skadeverknadene.

    Dagens narkotikapolitikk har som mål at færrast mogleg skal bruke og få problem med narkotiske stoff, og Noreg har i dag et lågt forbruk av cannabis. Sist månad har kun 1,7 prosent av befolkninga prøvd cannabis. Dersom forbodet vert oppheva, er det sannsynleg at fleire vil prøve – fleire gonger. Det er lite sannsynleg at legalisering vil gjere at folk vel vekk alkoholen til fordel for cannabis. Forsking viser snarare at blandingsbruk av cannabis saman med alkohol aukar. Auka tilgjengelegheit gir auka bruk, som igjen gir auka skader.

    Langarar og kriminelle bandar vil heller ikkje forsvinne ved at forbodet vert oppheva; lovlege varer som alkohol, tobakk og legemiddel vert smugla og selt illegalt i dag. Illegalt sal av cannabis har heller ikkje forsvunne dei stadene kor det er mugleg å selje lovleg, til dømes i enkelte delstatar i USA.

    Cannabis er skadeleg, både for deg og for andre rundt deg. Kor skadeleg, avheng mellom anna av gena dine, kor gammal du er, kor sterkt stoffet er, kor mange gonger du bruker det og kvee du har rundt deg.

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning