You are here

Kva er viktig for deg?

Å velje å drikke alkohol er eit verdival. Det handlar om deg sjølv, men det handlar òg om solidaritet. Med menneska rundt deg og menneske du aldri vil få møte.


  • Tekstversjon av filmen

    Når vi snakkar om det å ta val, det å være kaptein i eige liv, har eg funne ut at det er ein del å lære av filosofien. Det er jo det faget som hjelper oss til å stille store spørsmål om meining med livet og Gud og vennskap. Store spørsmål om korleis vi skal leve godt.

    Ein gammal filosof som heitte Platon, som levde i Hellas for godt over 2000 år sidan, han snakka om noe han kalla dydar. Det er omtrent det same som kvalitetar eller karaktertrekk eller haldningar. Og det er ganske mange av dei, men det er altså ting som pregar oss, ting som er viktige for oss, sånne ting som vi ønsker å ha med oss og å vere. Han snakka om fire stykke som han meinte var særleg viktige, og det trur eg er ganske kloke ord enno.

    1. Han snakka om måtehald. Det er evna til å halde igjen, evna til somme gonger å seie nei, og vite at det er fleire omsyn som er viktige å ta her i livet.
    2. Mot, snakka han om. Mot, det er det å tore, det å tore å stå for det ein meiner er rett.
    3. Klokskap, det handlar om å kunne tenke, tenke éin gong til, stoppe opp innimellom, kanskje lære av andre.
    4. Rettferd, den fjerde dyden hans, det handlar om å kunne ta inn over seg resten av samfunnet, dei andre menneska, dei menneska vi lever saman med. Det handlar ikke berre om meg.

    Eg trur det er kloke kvalitetar å ha med seg i dag òg, når vi skal ta viktige val i det viktige livet vi lever.

 

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning