You are here

Kva gjer alkohol med deg?

Korleis alkohol påverkar deg, avheng ikkje berre av kroppen din, men òg av forventningar og situasjonen du er i.


Det finst inga oppskrift på ein god fest, men dei fleste er einige om at ein gler seg til ein fest før ein begynner å drikke. Forventningar til festen, gleda over å vere saman, dansing, god musikk, flott lokale, moglegheit for litt flørting eller kva det nå måtte vere, handlar ikkje om promille.

Orkestereffekt

Alkohol er kun eitt element, og kva ein forventar av alkoholen, avgjer sjølv i stor grad kva han har å seie for festen. Om du trur han er viktig, så er han det. Om du tror at han ikkje speler noka rolle, så gjer han heller ikkje det.

  • Tekstversjon av filmen

    Rusen ein opplever når ein drikk alkohol avheng av kor mykje alkohol ein faktisk drikk, men vert òg påverka av mykje anna. Rusen kallar vi ein «orkestereffekt», fordi det er så mange ting som speler inn på korleis ein opplever rusen. Både den fysiske og den psykiske tilstanden til personen som drikk, og situasjonen rundt, påverkar opplevinga av rusen. Alkoholrusen vert òg påverka av til dømes kjønn, alder, kroppsstorleik, matinntak, stemning, konsentrasjon, søvnigheit, forventningar og ønske til rusopplevinga.

Grader av påverknad

Generelt påverkar alkohol omtrent slik:

0,5‰
Ved 0,5 i promille begynner personen å kjenne seg påverka, og humøret kan endre seg litt.
1,0‰
Ved 1 i promille begynner vedkommande å bli ustø og den kritiske sansen vert redusert.
1,5‰
Når promillen når 1,5, får personen ofte problem med hugs og balansesans, og er svært ustø.
2,0‰
Ved 2 i promille, er personen svært rusa og har sterkt redusert kontroll på kva ho eller han tenker og gjer.
3,0‰
3,0 i promille er livsfarleg, og personen som drikk, kan miste medvitet, miste kontroll over kroppslege funksjonar, som til dømes urinblæra, eller kan få alvorlege skadar på indre organ.

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning