You are here

Kven tar dine val?

I ungdomstida tar du mange avgjersler som vil påverke kva slags vaksen du blir. Somme gonger kan det vere vanskeleg å vite kva som er dine eigne val, og kva for val du tar fordi andre òg tar dei.


  • Tekstversjon av filmen

    Kvar eineste dag tar du og eg val. Store val og små val. Somme av dei vala er ganske viktige, og da er det lurt å tenke litt gjennom på førehand: Kva er det vi skal velje?

    Ein del gonger i livet tenker vi etterpå: Åh, kvifor tenkte eg ikkje på det før? Kvifor var eg ikkje meir kaptein i mitt eige liv, og tok styring, sa at dette er viktig for meg, og snakka med vennene mine om kva som er viktig for å leve eit godt liv?

    Eg tror, for å ta gode val, er det viktig å tenke gjennom kva for verdiar som er viktige for oss, kva er det er som faktisk tel, ting som varer, ting som gjer at vi faktisk kan leve eit liv som vi kan vere stolte av. Det er ikkje alltid så lett, men eg trur at det å halde ved like dei verdiane, det kan du samanlikne litt med å halde ved like ein grunnmur på eit hus. Grunnmuren er jo ikkje noko ein går rundt og tenker på heile tida. I huset du bur, eller i ei blokk eller kor det er, så kviler jo det huset på ein grunnmur. Men du vaknar jo ikkje opp om morgonen og tenker: Åh, eg lurer på korleis det er med grunnmuren i dag? Men dersom huset begynner å sige, da tenker du: Oi, oi, det der skulle nokon ha halde ved like før.

    Eg trur vi skal bruke litt tid, eg, på å halde grunnmuren som vi bygger liva våre på, ved like. Der ligg mange av dei viktige verdiane våre, kva som faktisk er viktig for oss. Ikkje minst på spørsmål som har med rusmiddel å gjere, mykje som har med vennskap og kvardagen å gjere. Det er verdt å halde grunnmuren i stand, og tenke gjennom verdiane våre.

Somme gonger må ein stå på sitt

Somme saker er det fint å vere einige om. At til dømes heile gjengen heiar på Arsenal fordi det er det beste laget i verda. Eller at alle meiner det same om Taylor Swift eller parkour, same kva det måtte vere. Men nokre gonger er vennegjengen med på noko som du ikkje synest noko særleg om. Som til dømes å mobbe nokon eller tagge noko på ein vegg ein stad. Det kan vere vanskeleg å vere den som skal seie frå om at noko ikkje er greitt.

 

Gruppepress

Illustrasjon: To apekatter står på ei side av ei kløft. Et nesehorn står på den andre sida. Apekattene roper til nesehornet:
Gruppepress. Illustrasjon av Iselin Havstein Glover

 

Kolon er eit nettkurs om rusmiddel og det å ta gode val

Du er 0‰ rusopplyst

 

Kolon har to delar. Den første handlar om alkohol og korleis den og andre rusmiddel påverkar oss og livet rundt oss. Den andre om korleis du kan forholde deg til alkohol og andre rusmiddel, og ta gode val for deg sjølv og omgjevnadene dine.

Kolon heiter Kolon fordi kolonteiknet : viser til det som kjem etterpå. Kolon kan hjelpe deg i det som kjem etterpå, altså livet ditt.

Biletfiler

Bilete og modellar, om ikkje anna er nemnt spesifikt, er leverte av Colourbox.com (detaljert kreditering).

Del 1

1. Intro

2. Kva gjer alkohol med deg?

3. Effektar av alkoholbruk

4. Kva er sanninga om cannabisbruk?

5. Ditt personlege val

6. Del 1 er fullført


Del 2

1. Å drikke eller ikkje drikke?

2. Kven tar dine val?

3. Kva er viktig for deg?

4. Alkoholindustrien i eit solidaritetsperspektiv

5. Korleis stå for dine val?

6. Avslutning