Faktisk har kun 35 % av norske 15–16-åringar drukke alkohol den siste månaden. Det betyr at 65 % ikkje har det.
Fleirtalsmisforståing
Mange trur at andre drikk meir enn dei faktisk gjer, og at det er fleire som drikk enn det faktisk er. Når mange nok antar noko slikt, vert det kalla ei fleirtalsmisforståing. Slike fleirtalsmisforståingar gjeld også andre ting enn alkohol. Du kjenner deg kanskje att i at «alle dei andre får lov til å vere mykje lenger oppe / sove lenger / får meir vekepengar» og så vidare? Dette er det same fenomenet. Vi trur at andre gjer noko anna enn dei faktisk gjer, og så ønsker vi sjølv å gjere som alle andre.
Kvifor er det viktig å vite kva ei fleirtalsmisforståing er?
Dersom vi trur at noko er vanleg å gjere, er det lettare å tru at vi må gjere det same sjølv.